• Velkomen til Isrosa

    Velkomen til Isrosa

    Isrosa produserer økologisk is av høg kvalitet. Me har mange smakar, både mjølkeis og fruktis.

    Isen vert produsert av økologiske råvarer. Egg og rabarbra klarar me å produsere sjølve, og mjølka kjøper me fersk frå økologiske gardar i nærområdet. Bjørnebær, bringebær, plommer og anna frukt kjem også frå øko-bønder i nærleiken. Resten av ingrediensane er i hovudsak importerte, men alt har økologisk godkjenning. Nokre smakar er knytt opp til sesongane, og vert ikkje laga heile året.

  • Ferske egg

    Ferske egg

    er ein viktig ingrediens i god is. Derfor har me vår eigen økologiske hønseflokk som har god plass og får gå fritt ute kvar dag. Me har fleire ulike raser. Dei fleste er høner som kanskje ikkje verper kvar dag, og derfor er dei produktive i fleire år. Kvar vår får hønene ruge ut eigne kyllinger. Og sjølsagt har dei ein staselig hane som passer på.

  • Dyra på garden

    Dyra på garden

    Griser brukar me til å pløye jorda. Dei vert fôra på gamalt brød frå butikken og syrna skummamjølk som er til overs etter isproduksjonen. I tillegg til grisane så har me ku, ein hest, ein fin flokk med høner, katt og hund. Heile sommaren går kyr og hest på beite ute, og dei får seg vanligvis ein luftetur ute om vinteren også viss ikkje veret er for ille. I økologisk landbruk er det krav om at dyra skal få komme seg ut og bevege seg jamnleg.

Legg innepostadressa di her

Vil du koma i kontakt med Isrosa?

Er du interessert i å vite meir om isen, eller korleis du kan få Isrosa økologisk is i din butikk eller kafe? Ring 416 07 381 eller send epost til info@isrosa.no