Me driv eit småbruk i Herøysund i Kvinnherad. Her har me for tida 3 kyr: Iselin, Selja og Ulldokka. Dei produserer no nok mjølk til at me kan laga så mykje is som me har tid til. På sikt vil me nok produsera noko meir, og då kjem me til å ha ei eller to kyr til. Kyrne våre er av rasen Jersey, for dei produserer ekstra feit mjølk. Det betyr at me ikkje treng å tilsetja så mykje fløyte i isen. I tillegg har me omlag 30 høner. Dei verp godt, og desse egga brukar me i isen. Isen vert alltid laga med veldig ferske egg og mjølk.

Elles på garden har me gris, dei drikk all skummamjølka som blir til overs når me lagar fløyte.