Isrosa er varemerket for økologisk iskrem og fruktis, laga av verksemda Norsk økois. Isrosa-is får du kjøpt på marknader, torgdagar og festivalar, for det meste i sommarhalvåret. Du får også kjøpa isen i ein del butikkar, cafear og restauranter rundt i landet. Me leverer is i beger på 550 ml, og 125 ml. Isrosa vert dreven av Øystein Skjæveland og Una Kolle. Me held til på eit lite økologisk småbruk i Herøysund.

Kva vil det seia at isen er økologisk? At råvarene til isen kjem frå økologisk landbruk. Det gjeld både mjølk, fløyte, egg, sukker, frukt og bær, sjokolade, kakao, krydder m.m.

Me har endeleg blitt ferdig med den nye driftsbygningen og produksjonslokalet til isen på garden vår i Herøysundet. Me har no flytta inn i dei nye lokala, og håpar snart å kunne levere is til fleire butikkar. Vil du ha Isrosa i din butikk eller restaurant? Klikk her for å komma i kontakt med oss.

Me er glade for å kunne tilby kunder i Kvinnherad iskrem gjennom nettbutikken vår. Me kjem til å levere is på døra omlag kvar fjortande dag. Betaling skjer via Paypal som er eit anerkjent og sikkert betalingssystem på internett. Viss du har problemer med å betale på internett så ta kontakt med oss, så skal me sjå om me kan ordne det.