Isen vert produsert av Øystein og Una i eige produksjonslokale på garden i Herøysund. Me prøvar å bruke lokale råvarer så langt det er mogeleg. Plommer og pærer kjøper me av gode vener på Grimo i Hardanger. Bringebær har me vore heldige og fått kjøpe i Luster i mange år. Ein annan god samarbeidspartner har planta eit felt med bjørnebær, så hausten 2011 håpar me å komma i gang med ein bjørnebæriskrem. Mjølk, fløyte og egg er me no sjølforsynte med her på garden. Så langt det lar seg gjera passer me på at dei importerte råvarene me bruker er rettferdig produsert. Me er alltid på jakt etter fleire bærprodusenter me kan knytte oss til for å utvide sortimentet.