
Det finst to hovudtypar Isrosa-is:
iskrem laga med mjølk, fløyte og egg (mjølkeis) og
fruktis laga med frukt og bær, utan mjølkeprodukt eller egg
Innanfor desse hovudtypane har me mange ulike smakar.
Mjølkeisen inneheld mjølk, fløyte, egg, skummamjølkspulver og johannesbrødkjernemjøl i tillegg til smakstilsettinga.
Det kan ymsa litt etter kva råvarer me får tak i. Me prøver gjerne ut nye smakar på torgdagar og marknader, difor kan du ofte finna fleire smakar her enn dei me har i butikkane.
Isen vår inneheld ikkje kunstige tilsetningstoff eller farge. Alt sukker er rårøyrsukker.
Mjølkeis: sjokolade, vanilje, sjokobanan, sjokobitar, kokos med sjokoladebiter, kanel, bjørnebær og valnøtt med lønnesirup.
Fruktis: bringebær, pære, plomme og rabarbra (inneheld ikkje mjølk, fløyte eller egg).